top of page
logo.JPG

Skysstasjonen & røldal

Skysstasjonen har grillhytte og sauna på området, som står til disposisjon for alle våre gjester. Disse kan dere leie i resepsjonen inne i kaféen. 

​

Om sommeren setter vi opp trampoline, og legger ut traktorer og lastebiler i sandkassen, som barna kan benytte gratis.

​

Om vinteren blir det kjørt opp skiløyper i Røldal som dere kan benytte dere av.

Røldal skisenter ligger i Hordadalen, ca 6 km fra Røldal, i retning mot Haugesund.

Røldal stavkyrkje

Mange av relikviane frå Røldal stavkyrkje er i dag lagra andre stader, og  Røldal pilegrimssenter som etter planen skal kome i tilknyting til kyrkja vil gje eit enda betre tilbod til besøkande i framtida.

Røldal Stavkyrkje med det undergjerande krusifikset er det naturlige midtpunkt i bygda. Kyrkja er bygd på 1200-talet, og er ei av dei eldste stavkyrkjene i landet. 

 Kyrkja er framleis i full drift, og open for besøkande om sommaren. Kyrkja er vel verdt eit besøk på grunn av si spesielle historie og utsmykking. Røldal er landets største pilegrimsmål i tal vandrarar!


Røldal Stavkyrkje er den viktigaste turistattraksjonen i bygda og litt midt i bygdesentrum. Kyrkja er mykje besøkt på grunn av si spesielle utsmykking og historie.


Kyrkja blei bygd omkring år 1250. Opphavleg var kyrkja svært enkel med berre eitt rom. Etter kvart blei kyrkja utvida, ein svalgong kom til og den blei dekorert innvendig. Midt på 1800-talet blei kyrkja bygd om med bordkledning både inne og ute i tillegg til at den blei kvitmåla. Kyrkja blei restaurert på tidleg 1900-tal og fekk tilbake mykje av utsmykkinga frå middelalderen.

​

Røldalskyrkja er kanskje mest kjend som pilegrimskyrkje og var den nest viktigaste pilegrimsdestinasjonen etter Nidarosdomen i katolsk tid. I moderne tid er det organisert vandring frå alle himmelretningar til Røldal. Opphavet til pilegrimsvandringa er krusifikset som ifølge soga skal ha ei helbredande kraft kvar jonsoknatt. Ved midnatt vart det halde gudsteneste og pilegrimane fekk kome fram og ta imot dei lækjande dråpane krusifikset skal ha sveitta. Sjølv om denne type aktivitet blei forboden ved reformasjonen, heldt pilegrimar fram med å valfarte til kyrkja heilt fram til om lag 1850.


I dag er kyrkja framleis i bruk som soknekyrkje. Pilegrimsaktiviteten har tatt seg opp att i moderne tid og kvart år arrangerast eit pilegrimsstemne helga nærast opp til gamaljonsok, 7. juli. Kyrkja er i vanleg bruk for bygda, og du er hjarteleg velkomen til å besøke kyrkja i gudsteneste eller som turist. Røldalskyrkja er ei unik ramme for vigsler, og serveringsbedriftene i bygda kan hjelpe deg med å lage ditt livs beste dag!

Mange av relikviane frå Røldal stavkyrkje er i dag lagra andre stader, og  Røldal pilegrimssenter som skal kome i tilknyting til kyrkja vil gje eit enda betre tilbod til besøkande i framtida.

Fjellturer

Det er mange turstier til fjella rundt Røldal. Kart med turstiar kan en få på Skysstasjonen eller på turistinformasjonen. 

​

Frå Røldal er det kort veg til Hardangervidda nasjonalpark. Ein kan då parkera bilen på Skysstasjonen for kr. 50 per døgn, og bruka dette som utgangspunkt. 

​

​

For populære turistmål som Trolltunga, Buerbreen og Preikestolen er Skysstasjonen eit godt utgangspunkt. De kan då anten overnatta i hytter eller campa her. 

​

Det tek ca. 1 time kjøring til starten av turen til Trolltunga, 45 min til starten av Buarbreen og ca. 3 timar til starten av Preikestolen. 

Bygdamuseumet

Røldal Bygdemuseum ligg på garden Hauge, langs Bygdavegen midt i bygda. Dette er ein tradisjonell gard som viser korleis folk levde i Røldal frå 1850 til om lag 1950.

Museet har fire bygningar: hovudhus, løe, eldhus og Rabbastova, eit lite hus som er flytta til området i seinare tid. Museet viser typisk arkitektur, inventar, reiskapar og ei særleg interessant samling tekstilar som mellom anna inneheld ei samling svært spesielle dåpshuver.

Historie
Museet er eit tun som opphavleg blei gitt av Tor N. Hauge til Odda Kommune som museum i 1984. Alt står så og seie slik som då Tore levde og budde der. I seinare til har det eldste gardshuset i Røldal, Rabbastova, blitt flytt til området frå garden Rabba.

Sykling

Det er gode forhold for sykling i Røldal. Her kan ein sykla på asfalterte vegar med lite trafikk i bygda, eller ein kan sykla i fjellet. Det går fleire grusvegar i fjellet som eignar seg godt til sykling. 

​

På sommaren kan ein leiga syklar på turistinfomasjonen, som ligg midt i Røldal sentrum, rett ved Skysstasjonen. 

Ski

Det er gode forhold for ski i Røldal og omegn, då det normalt er mykje snø i Røldal om vinteren. 

​

Det blir kjørt ca. 11 km med langrennsløyper i Røldalsbygda når det er forhold for dette. Store delar av løypene er opplyst på kveldane. 

​

På vestsida av Røldalsfjellet, på Seljestad, ligg Korlevoll skistadion. Der blir det køyrt langrennsløyper, og i tillegg er det i vinterferiar og påske køyrt langrennsløypa over til Røldal skisenter. 

Dersom det er dårlege snøforhold i Røldal sentrum blir det køyrt skiløyper i Valldalen, ca. 4 km aust for Røldal. 

​

​

Røldal skisenter ligg i Hordadalen, ca. 5 km vestover frå Røldal sentrum. Røldal skisenter er eit godt utbygd alpint-anlegg med stolheisar og skitrekk. Her er det også gode frikøyringsmoglegheitar. 

Det er i skisenteret mogleg å leiga skiutstyr, samt butikk der du kan få kjøpt litt utstyr og klede. 

For meir informasjon sjekk: 

​

​

Bilturer

Det er mange attraksjonar som kan nåast med bil i området. For eksempel Låtefoss, i fossanes dal på veg til Odda, som ligg ca. 25 min kjøring unna Skysstasjonen. 

​

Langfoss i Åkrafjorden, på veg mot Haugesund, ligg ca. 40 min kjøring unna. 

​

Nasjonal turistveg, riksveg 520 til Sauda over Saudafjellet tek ca. 1 time. 

​

Riksveg 13 mot Sulsal er ein fin tur på smale vestlandsvegar med mange attraksjonar langs vegen. 

​

Industribyen Odda, med museum og butikkar ligg 50 min unna. Tyssedal med kraftmuseum ligg 1 time unna. 

Baroniet i Rosendal ligg 1,5 times kjøring unna. 

bottom of page